• Foreldrerettleiing - PMTO/TIBIR

    27/09/2022

    Barnehagen har to 2 PMTO-rettleiarar/foreldrerettleiarar som har blitt kursa av helsestasjonen på Voss. Det er Åse Midthun og May Britt Andersen. Dei har og kartleggingsmodulen slik at de kan kartlegge behovet til foreldra for å sjå om dei kan hjelpe eller om det må terapeutar til. Me har og ein ferdigheitstrenar som jobbar parallelt med barnet, og det er Marit Klette Kvarekvål.

    PMTO står for Parent Management Training Oregon, som i utgangspunktet var eit behandlingsprogram for barn som allereie har utvikla adferdsvanskar, men som har vist seg effektivt å bruke til førebyggjing i familiar med utfordrande barn, dvs vanlege barn som tester grenser og gir oss nokre utfordringar utan at det treng vere dei store tinga. 

    Med foreldrerettleiarar i barnehagen, er dette eit lavterskeltilbod, for dei foreldra som føler dei har gått litt i stå eller som slit litt med håndtering av barna på ein god måte. Dei kan då ta kontakt med PMTO-rettleiararane, og på eit tidleg stadium få råd og hjelp til å ta i bruk enkle verktøy i oppsedinga av barna. Rettleiinga inneber 3-5 møter med informasjon, rettleiing og tilbakemelding på prøving av metoder. Dei kan så avslutte eller fortsetje, alt etter behov.

    For meir informasjon, ta kontakt med barnehagen eller Åse eller May Britt

  • Foreldresamarbeid

    08/02/2007

    Foreldra er barnehagen/personalet sine viktigaste samarbeidspartnarar.  Det er dei som kjenner barnet best, og dei vil det beste for sine barn.

    Me vil i barnehagen ha hovudfokus på barna, på kva som er det beste for enkeltbarnet og barnegruppene. Me ønskjer og prøver å gjere vårt beste for barna og for deira trivnad og utvikling i barnehagen. Det er difor særs viktig med ein open og god dialog med foreldra. Dei skal og få høve til medverknad i barnehagekvardagen, og då er det viktig at dei får nok informasjon og høve til å kome med innspel.

    * Den daglege samtalen er den viktigaste kontakten mellom barnehagen og foreldra. Her kan ein fortelle korleis barnet har det, har hatt det, opplevingar, uttrykk, eting, soving, m.m.

    * Foreldresamtalar har me om hausten og om våren og er viktige samtalar for å utveksle litt dypare/meir utfyllande informasjon om barnet; om trivnad, utvikling, sosialt samspel, venskap, eting, soving, klee, m.m.

    * Foreldremøte har me to ganger i året, om hausten og våren, samt årsmøtet i mars. Her vert det utveksla informasjon om barnehagen sin drift og kvar avdeling sin drift, halvårsplanar, rutiner, dagsrytme, m.m.

    * Kontaktbok, postlomme, posttavle er der me legg informasjon om barnehagen, drifta, planar, spørjeundersøkingar, fakturaer, m.m. Her er det foreldra sitt ansvar for å ta med posten heim og lese den.

    * Oppslagstavlene på kvar avdeling gir og mykje informasjon om barnehagen, planar, dagsreferat, evt. sjukdomsutbrudd, o.l. Foreldra sitt ansvar å lese på desse.

    Me ønskjer at foreldra skal gi tilbakemelding på godt og ondt når som helst. For at me skal kunne utvikle oss til å bli betre er me avhengige av tilbakemeldingar. Me ønskjer ha ein åpen og god dialog, kor terskelen for å gi idear, tips, ønskjer, ris og ros er låg båe vegar. Då vert alt mykje enklare me føler oss hørt og respektert. Foreldra har krav på medverknad i barnehagen og barnehagen er foreldreeigd. Det er då viktig at foreldra får seie si meining og at dei vert hørt.

  • Samarbeid med andre i nærområdet

    09/11/2011

    Barnehage - skule:
    Me har ikkje mykje samarbeid med skulen pr. idag, men har førskuledagar på våren for dei som skal byrje på skulen. Me håper å få til noko meir samarbeid, slik som besøk på skulen til 1. klassen og omvisning på skulen. Me vil og ha 1. klassen på besøk i barnehagen.
    Barnehage - nærmiljø:
    Barnehagane: Me vil dra og få besøk at dei andre barnehagane i nærmiljøet. Me vil og ha nokre felles førskulegrupper med dei, felles turdagar innimellom, m.m.
    Bedriftar: Dei to avdelingane med dei eldste barena, vil prøve å besøke ei bedrift i halvåret, slik at dei bli kjent med kva som finst av bedriftar/arbeid i nærmiljøet.
    Idrettsplassen: Me drar på tur til idrettsplassen innimellom og har ulike aktivitetar, mat, m.m. Me er eigarar av 2 m2!11 av kunstgrasbanen, slik at det er ekstra kjekt å nytte denne.