• Opningstider

    28/02/2024

    Barnehagen er open frå kl. 6.45 - 17.15 kvar dag, heile året, men me har brukartilpassa stenging etter kl. 16.30. Det vil si at ein må gi beskjed innan onsdag veka før om man treng å hente mellom 16.30 og 17.15.

    Frå 15.08.24 vert opningstida endra til kl. 6.45.- 16.30, då det ikkje er bemanning til å strekke opningstida til utover kl. 16.30.

    Dette byrja me med, då me opplevde at få nytta seg av henting etter kl. 16.30, men at det var behov av og til. Ved å ha brukartilpassa stenging, kan personale komme tidlegare dei fleste dagar, slik at  flest mogleg er her når flest barn er her i staden for å sitte 2 personale på slutten utan barn. 



  • Plasstilbod

    02/04/2020

    Me tilbyr idag berre heile plassar, då det er svært få som søkjer reduserte plassar. 

    Endringa kom då kommunen endra sitt tilbod til berre heile og halve plassar. For dei fleste er ikkje halv plass eit alternativ i dag, og då søkjer alle heil plass. 

    Me har 10,5 time opningstid og har inga avgrensing i høve til opningstid, men fraråder at barna er i barnehagen meir enn 8-9-timar kvar dag, då det er lengre "arbeidsdag" enn foreldra har, men sjølvsag kan ein i særskilte tilfelle ha behov for heileopningstida.

    Me er ope heile året, i alle feriar og, men me stenger kl. 12 onsdagen i påskeveka og held stengt jolaften og nyttårsaften. 

     

  • Ferie

    02/04/2020

    Skulestad barnehage har ope heile året.

    Me er ikkje stengt i jul og påske og heller ingen veker om sommaren. Dei einaste dagane me held stengt er julaften og nyttårsaften, helger og planleggingsdagar!

    Barna må ta ut 4 veker ferie + 1 dag i løpet av eit år, der minst 3 veker må vere i perioden mellom veke 26 - 32, og der minst 2 veker må vere samanhengande. Den siste veka kan takast når som helst, eller ein kan rekne dei 6 planleggingsdagane i løpet av året som ein ferieveke.

    Me leverer ut lappar i forkant av kvar ferie for å få tilbakemelding på kven som kjem og kven som tek fri, slik at personale kan ta ut ferie og avspasering i periodar der det er lite barn. Då kan ein unngå å ha unødvendig mykje personale på jobb når ein heller burde bruke det når ein er full gruppe eller ved sjukdom.

  • Forsikring

    07/02/2013

    Barnehageloven pålegg alle barnehagar å ha forsikring på barna i den tida dei er i barnehagen. Styret i Skulestad barnehage har valt å ha ein utvida forsikring på barna, som gjelder 24 timar i døgeret heile året rundt, også om du er på dugnad, ferie, e.l. Dette har me valdt då me ønskjer at barna skal vere trygge i barnehagen og dersom uhellet skulle vere ut vil dei vere betre dekka.

    Kostnaden ved den utvida forsikringa tek barnehagen.

  • Informasjon om barnehagen

    03/10/2022

    Oppstart:
    Barnehagen vart opna 01.08.05 i leigde lokale i Borgartun.
    16.01.06 opna med offisielt i nybygde lokale bak Skulestad skule.
     
    Organisasjonsform:
    Barnehagen er eigd av foreldra i eit foreldresamvirke, kalt Skulestad barnehage SA. Det er eit andelslag med begrensa ansvar. Når ein får barnehageplass, må ein kjøpe ein andel på kr. 1000,-, som ein får tilbakebetalt når siste barnet sluttar i barnehagen.

    Opningstid:

    Me har opningstid frå kl. 6.45 til kl.17.15 kvar dag. Me held ope heile året, i alle feriar og. Me har inga avgrensing i tal opphaldstimar pr. dag, men har alltid barnets beste i fokus og vil ta det opp om me ser at barnet har veldig lange dagar, slik at det er meir i barnehagen enn heime i løpet av ei veke..

    Type plassar:
    Me tilbyr no berre 100 % plassar. Det er 78 plassar/barn i barnehagen.
    Aldersgruppe:
    Me har barn i aldergruppa 11 mnd - 6,8 år. 
     

    Avdelingane:

    Det er 4 avdelingar på huset:
    * 2 småbarnsavdelingar med barn i alderen 1 - 2,8 år ved oppstart i august; Klatremus og Nøtteliten
    * 2 storbarnsavdelingar med barn i alderen 2,8 - 5,8 år ved oppstart i august; Bukkane Bruse og Blåmann
    Småbarnsavdelingane har  15 barn pr dag og 5 vaksne i grunnbemanning.
    Storbarnsavdelingane har 24 barn pr. dag og 5 vaksne i grunnbemanning.
     

    Personale:

    Det er 28 tilsette på huset. I tillegg kjem dei faste vikarane og dei som er i permisjonar. Av dei som er på jobb, er:
     1 dagleg leiar (førskulelærar)
    4 pedagogisk leiarar (førskulelærarar)
    5 førskule-/barnehagelærarar
    1 spesialpedagog (førskulelærar)
    7 fagarbeidar
    6 barnerettleiarar
    1 kjøkkenassistent/-ansvarleg
    2 lærlingar                                                                                         1 1 reinhaldar
    Faste vikarar
     
    Menn i barnehagen:
    Me er så heldige å ha 4 menn i barnehagen; 2 førskulelærarar, men ein er i permisjon no, og 2 barnerettleiarar. Me har og mannlege vikarar. Dei er populære blant barna og bidrar godt i personalgruppa. Me får eit større mangfold og vekt på fleire område.

    Måltid i barnehagen:

    Me har 3 måltid i barnehagen kvar dag, for dei som har med frukostniste og ikkje har ete heime. Til lunsj er det nybakte rundstykker kvar måndag og tysdag. Varmmat oppe onsdagar med brødmat nede. Torsdag varmmat nede og brødmat oppe. Fredagar er det vegetarpizza på heile huset.
     
    Turdagar:
    Alle avdelingane har faste turdagar. Me har og nokre fellesturar for heile eller delar av barnehagen, bl.a. hauttur til Todalen/Skjevlingen, akedag på Kyte og vårtur til Svartaberget.