• VELKOMEN TIL SKULESTAD BARNEHAGE SI HEIMESIDA!

    27/09/2022

    Me håper du finn det du lurer på her.  Er det noko du lurer på eller ikkje finn her, eller ønskjer å vite meir om, er det berre å ringe oss på telefonnr. 56512711 eller ringe/sende SMS til tlf 48396050. Det er og lov å kome på besøk for å sjå korleis med har det, men kan vere lurt å ringe i forkant og avtale tidspunkt.

     

    Helsing Anne Ragnhild og gjengen

     

     
     

  • BARNEHAGEN SIN VISJON

    24/08/2016

    Skulestad barnehage ønskjer å skape ein trygg og raus atmosfære, der barna får utvikle seg språkleg og sosialt, motorisk, sanseleg og esteteisk gjennom leik og læring i lag med ulike barn og vaksne.

  • Hovudmål for barnehagen

    08/11/2011

    HOVUDMÅL FOR BARNEHAGEN UT I FRÅ VÅRT PEDAGOGISKE GRUNNSYN:

     

    * Tryggleik og trivnad – Barna må kjenne seg trygge for å kunne trivst og leike og utvikle seg. Personalet må skape ein trygg og god atmosfære i barnehagen som gir eit godt grunnlag for trygge barn som trivst og utviklar seg positivt i barnehagen.

     

    * Omsorg Omsorg er nært knytta til oppseding, helse og tryggleik og er ein viktig føresetnad for barn si utvikling og læring. Personalet skal handle omsorgsfullt overfor alle barn i barnehagen og overfor kvarandre. Me skal ha merksemd og openheit for det unike hjå kvart enkelt barn og det unike i situasjonen og i gruppa. Me skal og lære barna å vise omsorg for kvarandre, både å få og gi omsorg. Ein omsorgsfull relasjon er prega av lydhørheit, nærleik, innleving og evne og vilje til samspel, samt å gi barna varierte utfordringar og rom for meiningsfylte aktivitetar.

     

    * Lystbetont – Barnehagen skal tilby barn eit miljø prega av glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Det gjer kvardagen mykje lettare og kjekkare. Dei vaksne må gå føre, som gode eksempel, skape glede rundt seg og våge å le av seg sjølve.

     

    * Leik – har ein eigenverdi og skal prega barna sin kvardag i barnehagen. Den er ei viktig side av barnekulturen, og den er eit allment menneskeleg fenomen der barna har høgast kompetanse og engasjement. Det er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barna kan uttrykkje seg gjennom. Barnehagen vil ha mykje frileik der barna sjølve får bestemme kva dei vil leike med og med kven og kvar, men det vil og bli tilrettelagte leike- eller aktivitetsgrupper, der dei leikar sjølve eller har meir læringsprega aktivitetar.

     

    * Læring – Barnehagen skal gi barna grunnleggjande kunnskap på sentrale og aktuelle område. Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet, og er nært samanvevd med leik, oppseding og omsorg. Barna sine eigne interesser og spørsmål bør danne grunnlaget for læringsprosessar og temaer i barnehagen. Dei fleste barn i dag går flere år i barnehagen, og i småbarnsalderen er barna veldig lærelystne. Me må difor støtte barna si nysgjerrigheit, vitebegjær og lærelyst i barnehagen og bidra til å gi dei eit godt grunnlag for livslang læring. Me må møte barna si undring på ein utfordrande og utforskande måte, slik at det danner grunnlaget for eit aktivt og utviklande læringsmiljø i barnehagen.

     

    * Sosial kompetanse – Alle barn i barnehagen, uansett alder, kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsnivå, må få likeverdige høve til å delta i meiningsfylte aktivitetar i eit fellesskap  med jamnaldrande. Tidlege erfaringar med jamnaldrande har stor tydning for barna sin samspelsdugleik og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av venskap. Me skal formidle verdiar og kultur, gi rom for barna sin eigen  kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap.                                                  

     

    * Barnet i sentrum – Barnehagen er til for barna. Det er barna sitt beste som skal stå i fokus, og dei skal ha medverknad i sin kvardag i barnehagen.

     

    * Positive og engasjerte vaksne – Når dei vaksne er positive og engasjerte, smittar det over på andre og jobben vert kjekkare og meir meiningsfull.                  

     

    * Friarena for stress og mas - Barna møter tidleg travelheit og tidspress. Me må prøve å la barnehagen vere ein epoke i livet der me har tid til å leike og gjere det me har lyst til.

     

    * Oppmuntring, stimulering og utfordring – Me må styrkje barna sin sjølvtillit og meistringsevne og hjelpe dei til å prøve nye ting/møte utfordringar på ein god måte.

     

    * Uteleik – Ved å vere mykje ute, vil barn og vaksne få mykje frisk luft, få brukt kroppen meir, trent motorikk, undre seg over alt som skjer og finst ute, klarne tankar og stimulere kreativiteten.

     

    * Likestilling – Gutar og jenter skal ha like vilkår og utfordringar til å gjere det dei har lyst til. Me skal møte dei ulike barna med opent sinn. Dei må få behalde sine individuelle særpreg, men og lære å respektere andre sine særpreg.

     

     

     

  • Søknadfrist for barnehageplass

    02/04/2020

    Ein kan søkje heile året, men for hovudopptaket om våren som gjeld frå 15. august er det kun ein søknadsfrist, og den gjeld for alle. Det er: 1. mars!

    Alle barn født før 01.11. har lovfesta rett til barnehageplass. Alle skal få tilbod om plass i ein barnehage, men ikkje nødvendigvis i den barnehagen dei har søkt.

    Bortsett frå dei som har særskilte koder, er det alder som er avgjerande for kven som kjem først søknadskøen, for å få innfridd ynskje om barnehageplass i den/ein av dei barnehagane ein har søkt. Søsken får søskenprioritet! 

    Er det noko du lurer på, ta kontakt med barnehagen eller avdeling oppvekst på Tinghuset.

Fotoalbumet