PROSJEKT:
”Den gode barnehage”
Mål: Å bevisstgjere personalet ved å
lage standardar for alt arbeidet med gjer i barnehagen.
Prosjekt skulle gå over minimum 3 år, og dette vert 8. året.
Det er 8 område som skal få standardar, som skal setjast inn i eit ”Lotus-skjema”:
1. Samarbeid heim – barnehage
2. Organisering og struktur
3. Vaksenrolla
4. Vennskap og fellesskap
5. Språk og kommunikasjon
6. Arbeid med fagområda i rammeplanen
7. Omsorg, leik, læring og danning
8. Læringsfremjande miljø
Me held fram med satsingsområdet, fordi det er eit viktig område å jobbe med, og det tek tid. Når ein arbeider med menneske og haldningar, kan ein ikkje skunde seg. Det må innarbeidast i hovud og handling gjennom praksis over tid. Personalet arbeider med Udir`s kompetansepakke på felles møter.
BARNET |
Psykososialt barnehagemiljø/ trygt og godt barnehagemiljø jf. barnehagelova § 41 |
Me arbeidar kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø. Me oppdagar, undersøkjer og førebyggjar alle former for krenkingar. Me skal jobbe for å stoppe all krenking og følgje opp med eigna tiltak. Samstundes skal me jobba for å skape robuste barn som toler motgang og livet sine opp- og nedturar. Barna skal oppleve seg som ein del av eit trygt og inkluderande miljø og utvikle ei god sjølvkjensle.
|
Metode: Leik |
Leik er barna sin arena. Leik er lystbetont og indremotivert. Leik er altoppslukande, engasjerande, ein måte å prøve og feile, gjenoppleve og erfare. Det er utviklande og lærande, og barnas liv består hovudsakleg av leik.
|
Dei vaksne skal tilretteleggje for allsidig leik, deltakande og inkluderande leik, utforskande leik, roleg leik, fysisk leik etc.
|
Språk og kommunikasjon |
Sosial kompetanse |
Alle skal bli sett og høyrd og utvikle språket sitt i barnehagen.
|
Barna skal lære seg sjølvhevding og sjølvkontroll, og dei skal oppleve gode relasjonar og venskap med andre. |
Tema: |
Mål:
|
Oppgåver: |
Tids-perspektiv: |
Psykososialt barnehagemiljø |
Felles kunnskapsgrunnlag om barnehagelova og rammeplanen sine føringar for psykososialt miljø, om inkludering, sosialt samspel, krenkingar og anerkjenning i barnehagen. Eit godt utgangspunkt for å vidareutvikla vår praksis til barnas beste. Udir.no
|
1. Skape eit trygt og inkluderande miljø på kvar avdeling. |
Frå oppstart og heile året
|
2. Jobbe utifrå Ståstadsanalysen (teken vår 2021). - Matematikk, IKT og filosofiske spørsmål |
|||
3. Gjennomføre modul 4 i kompetansepakka «Psykososialt barnehagemiljø» om «Skriftlig plan» |
Hausten |
||
4. Gjennomføre foreldreundersøking |
Nov/des |
||
5. Gjennomføre modul 5 i kompetansepakka om «Fellesskapende aktiviteter» 6. Gjennomføre modul 6 i kompetansepakka om Barns utvikling» |
Vinteren
Våren |
||
Leik |
Barna skal få: Ø Auka leikekompetanse Ø Oppleve glede og humor Ø Utvikle sosial kompetanse Ø Like moglegheiter uavhengig av kjønn Ø Tilhøyrigheit, «eg og me» Ø Auka sjølvstendigheit og øving på å løyse konfliktar Ø Oppleve fellesskap og inkludering |
1. Vaksenrolla - observere - tilrettelegge - delta |
Heile tida |
2. Fysisk miljø som innbyr til leik |
|||
3. Ulike leiketema, felles inngangsport for alle barna |
|||
4. Leikegrupper
|
|||
Språk/ kommunikasjon |
Barna skal få: Ø Styrka språket Ø Betre ordforråd Ø Vere ein aktiv språkbrukar Ø |
1. Lytte og respondere til kva barna seier |
Heile året. |
2. Samtale og vidareutvikling av dialogen. |
|||
3. Språkgrupper med «Grep om begrep», for dei som treng litt ekstra språktrening. |
|||
Sosial kompetanse |
Barna skal få: Ø Oppleve trygge og gode relasjonar Ø Oppleve anerkjenning Ø Føle seg betydningsfulle Ø Lære seg sjølvhevding og sjølvkontroll Ø Oppleve venskap og gode relasjonar med barn og vaksne Ø Oppleve fellesskap og inkludering
|
1. Sjå, høyre og anerkjenne barna |
Heile året |
2. Vaksne som viser respekt, toleranse, tålmodigheit og rausheit |
|||
3. Bygge relasjonar mellom barn og vaksen-barn |
|||
4. Lære barna om dei ulike følelsane. 5. Støtte dei i å bli kjent med og handtere ulike kjensler 6. Øve på å meistre motgang, slik at dei blir robuste og ikkje let seg krenke så lett. |
|||
7. Øve på å innordne seg fellesskapet/gruppa, og ikkje omvendt. |
Førebygging av mobbing i barnehage (Zero):
Mål: Å oppdage dei sårbare barna og rettleie dei til god utvikling, til å bli trygge
barn som trivst og tør å seie si meining og samstundes ta omsyn til andre!
Me vaksne skal prøve å forstå dei personlege faktorane og samspela, som fører til sårbare barn sine sosiale vanskar, gjennom å:
Ø Sjå deira personlege styrke og utviklingsområde
Ø Sjå korleis samspelet mellom dette barnet og andre barn føregår
Ø Vere gode leiarar for barn og gi utviklingsstøtte til barn som strevar
Ø Fremje eit trygt og inkluderande miljø i barnehagen for alle barn
Korleis kan me vaksne støtte barnet si utvikling?
Ø Vise interesse for det barnet er opptatt av
Ø Møte barnet der det er i si utvikling
Ø Vere ressursorientert: fokus på barnet sine positive eigenskapar og meistring
Ø Vere positive i samarbeidet med andre rundt barnet
Ø Vere kloke, vennlege og sterke
Ø Velje eit utviklingsmål om gongen
Prinsipp for leiing i ZERO:
Barnet si endring startar med at vaksne endrar si åtferd i forhold til barn.
Ø Varme og tydelege vaksne
Ø Positiv leiing
Ø Fokus på sosial kompetanse og særleg kjensleregulering
Ø Tett samarbeid med foreldra om leiinga av barnet