• Kosthald

    08/02/2013

    Me har 3 - 4 måltid i barnehagen kvar dag.

    Frukost:

    Frokosten vert servert mellom kl.8 og 9, for dei som ynskjer det.

    Nede er det brød og knekkebrød med pålegg. Av og til er det havregryn og frokostbalndingar. Oppe er det eit "grynbord"  der dei vel mellom havregryn og weeta-bix/hvarefras, og eit "brødbord" der dei får brød/knekkebrød med variert pålegg. Melk vert servert som drikke.

    Førmiddagsmat:

    Lunsjen vert servert mellom kl. 11 og 12.

    Når det er smøremåltid, vel barna mellom brød og knekkebrød og pålegg som t.d. makrell i tomar, leverpostei, kokt skinke, kvitost, brunost, kaviar, fårepølse, m.m. Det vert og satt fram litt grønsakar som agurk, paprika og tomat til pynt.

    Kvar avdeling har varmmat minst ein dag i veka. Då får me servert ulike rettar slik at barna skal få smake eit variert og næringsrikt måltid. Det kan t.d. vere potetsuppe m/pylse, fiskesuppe m/ grønsakar og foccaciabrød, graut, fiskegryte, fiskeboller, stekte fiskekaker med salat og pitabrød, pizza, lasagne, hjembakte rundstykker, m.m. Melk og vatn som drikke.

    Førmiddagsmåltid:

    Dette vert servert mellom kl. 14 og 15.

    Då vert det servert frukt/grønsakar og litt knekkebrød/brød med enkelt pålegg. Dette er eit mellommåltid, så barna skal ikkje spise veldig mykje.

    Dersom barna vert henta veldig seint og er svoltne, får dei kanskje noko mat ved 16.30- 16.45-tida. Det tek jo alltid litt tid å lage til middag når ein kjem heim.

    Anna:

    Me legg vekt på å ha eit sunt og godt kosthald og ønskjer ikke å ha masse søte matvarar som kvardagskost. Her er ikkje noko sjokoladepålegg, og me prøver å begrense bruken av syltetøy.  

    Bursdagsfeiring:

    Me prøver ikkje å leggje fokus på maten, kva me skal ete på bursdagen til barnet, men prøver å gi val om sunnere alternativ enn kaker dersom dei får velge. Ofte vert det graut, pølser, pizzaboller eller fruktsalat på avdelingane for dei eldste.

    På avdelingane med dei minste barna er det no ofte jordbær og banansmoothie.. Kjempegodt!

    At barna ikkje får kaker og boller og vafler på bursdagene sine, har me høyrt lite om. Dei får jo krune med heim og sitje på eiga flott pute og kappe i samlinga, samt bursdagsfat og kopp til måltidet! I tillegg skyter me opp så mange rakettar som barnet fyller.