Me er ein privat foreldreeigd barnehage med eit veldig stabilt og dyktig personale som sett barna i fokus og at dei har det trygt og godt. Me har satsingsområdet "psykososialt barnehagemiljø" og me jobber mykje med leik og relasjonar.
Det er og lov å kome på besøk for å sjå korleis med har det, men kan vere lurt å ringe i forkant og avtale tidspunkt.
Helsing Anne Ragnhild og gjengen
EIN RAUS OG TRYGG STAD FOR UTVIKLING, LEIK OG LÆRING
Personalet jobbar mykje med vaksenrolla, leik og sosial kompetanse. Barnehagen sitt psykososiale miljø er satsingsområde, med leik som metode og med jobbar mykje med å tilrettelegge for gode leikemiljø inne på dei ulike avdelingane. Leik er barnas arena, og me legg tilrette for felles leiketema, godt fysisk leikemiljø, ulike leikegrupper. Me jobbar mykje med respekt for ulikheit og inkludering. Me har alle ting med må øve på
- ut i frå vårt pedagogiske grunnsyn:
Når barna er i barnehagen, skal dei oppleve:
* Tryggleik og trivnad – Personalet skal skape ein trygg og god atmosfære, som gir eit godt grunnlag for trygge barn, som trivst og utviklar seg positivt i barnehagen.
* Omsorg – Personalet skal vise omsorg overfor alle barn i barnehagen og lære barna å vise omsorg for kvarandre og sjølv ta imot. Ein omsorgsfull relasjon er prega av oppriktig interesse, lytting, nærleik, innleving, evne og vilje til samspel. Me skal ha merksemd og openheit for det unike hjå kvart enkelt barn og det unike i situasjonen og gruppa. Personalet har mykje kunnskap om traumebasert omsorg og har fokus på at barna må vere innafor sitt toleransevindauge for å kunne lytte, ta til seg læring, ha det bra mm.
* Respekt og toleranse – Barn og vaksne skal bli møtt med respekt. Me skal respektere kvarandre for den me er, tolerere at me er forskjellige og kan ha ulike syn på religion, kultur, politikk, levemåtar m.m. Me treng ikkje vere einige, men skal respektere at me er forskjellige og at ulikskap skaper mangfald.
* Leik – Personalet skal legge til rette for variert leik. Leik er ei grunnleggjande livs- og læringsform for barn der dei kan uttrykke seg, lære, bearbeide og skape. Leik er barna sin verden og har eigenverdi. Den skal prega barna sin kvardag i barnehagen. Det er ei viktig side av barnekulturen, der barna har høgast kompetanse og engasjement.
* Læring – Barnehagen skal gi barna grunnleggjande kunnskap på sentrale og aktuelle område. Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet, og er nært samanvevd med leik, oppdraging og omsorg. Barna sine eigne interesser og spørsmål bør danne grunnlaget for læringsprosessar og tema i barnehagen. Me skal møte barna si undring på ein utfordrande og utforskande måte.
* Livsmeistring og helse – Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og skal bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Me skal fremje barna sin fysiske og psykiske helse, og bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og kjensle av eigenverdi. Me skal førebygge krenking og mobbing. Me må vise at me har forventningar til dei. Dei må få utfordringar og støttast i å møte dei, samt å takle motgang. Dei må bli kjent med dei ulike følelsane, lære å setje ord på eigne og andre sine kjensler. Me skal jobbe for å gjere barna robuste, som taklar livet sine opp- og nedturar. Dei skal få vere i fysisk aktivitet kvar dag, samt få ro og kvile, difor er det viktig at dei har med vogn så lenge dei har behov for det.
* Sosial kompetanse – Alle barn i barnehagen, uansett alder, kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsnivå, må få likeverdige høve til å delta i meiningsfylte aktivitetar i eit fellesskap med jamaldringar. Tidlege erfaringar med jamaldringar har stor betyding for barna sin samspelsdugleik og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av venskap. Me jobbar for å fremje inkludering og fellesskap for alle. Me er opptekne av kvart enkelt barn som individ, men dei må og lære seg å innordne seg fellesskapet og inkludere andre og sjølv bli inkludert.
* Danning – Barna skal i samspel med omgjevnadane, gjennom eit vekselvis ”gi-og-få-forhold”, utvikle seg til å bli sjølvstendig tenkjande individ. Dei skal kunne tilpasse seg dei ulike settingane dei kjem i gjennom livet, samtidig som dei skal kunne ta individuelle val og omsyn til seg sjølv og andre. Dei skal kunne vise empati med andre og sjå eigne behov kontra andre sine behov.
* Medverknad – Barnehagen er til for barna. Barna sitt beste skal stå i fokus, og dei skal ha medverknad i kvardagen ut i frå modning og eigne føresetnadar. Sjå meir om dette under pkt. 15.
* Likestilling – Gutar og jenter skal ha like vilkår og utfordringar til å gjere det dei har lyst til, uavhengig av kjønn. Dei ulike barna skal møtast med eit varmt hjarte og eit ope sinn. Dei må få behalde sitt individuelle særpreg og lære å respektere andre sitt særpreg.
* Friluftsliv – Å vere ute og dra på turar i skogen og i nærmiljøet, er bra for oss. Me vil vere mykje ute, få frisk luft, bruke heile kroppen, trena motorikken, undre oss over kva som skjer og finst ute, klarne tankane våre og stimulere kreativiteten vår.
* Lystbetont – Barnehagen skal tilby barna eit miljø prega av variasjon, utfordringar, meistring, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Dei vaksne må skape glede rundt seg og våge å le av seg sjølve. Godt humør smittar over på andre, skapar trivnad, og gjer læringa betre.
* Positivitet og engasjement – Personalet skal vere blide, positive og engasjerte. Dei skal vere gode rollemodellar, for å skape tryggleik, trivnad og engasjement hjå barna.
Ein kan søkje heile året, men for hovudopptaket om våren som gjeld frå 15. august er det kun ein søknadsfrist, og den gjeld for alle. Det er: 1. mars!
Alle barn født innan utgangen av november månad, har lovfesta rett til barnehageplass frå seinast den månaden dei fyller 1 år. Alle skal få tilbod om plass i ein barnehage, men ikkje nødvendigvis i den barnehagen dei har søkt.
Bortsett frå dei som har særskilte koder, er det alder som er avgjerande for kven som kjem først i søknadskøen, for å få innfridd ynskje om barnehageplass i den/ein av dei barnehagane ein har søkt. Søsken får søskenprioritet!
Er det noko du lurer på, ta kontakt med barnehagen eller avdeling oppvekst på Tinghuset.